Utvatning og klippfiskrettar

Den enkle hovudregelen for utvatning av klippfisk er at fisken skal ligge i vatn 24 timer per centimeter tjukkleik. Er tjukkleiken på fisken to cm, skal fisken ligge i 48 timer. Om fisken har skinn på seg kan dette enkelt rivast av før den vatnast ut.

Legg fisken i en passende bøtte/balje med vatn. Vatnet bør skiftast 1-3 gonger alt etter kor lenge fisken ligg til utvatning. Lengda på utvatninga vil også vere påvirka av kva matrett ein skal lage. Utvatning av klippfisk til bruk for steiking eller grilling kan vatnast ut lenger enn fisk som skal kokast.  

Ein eksakt oppskrift for korleis utvatninga skal gjerast er vanskeleg å gje. Utvatninga avhenger også av kva klippfiskrett ein skal lage, og kva den enkelte persons gane likar. Eit tips er å smake ein liten bit av fiskens tjukkaste del. Fisken skal ha ein mild saltsmak. 

 

Klippfiskrettar

Norsk fisk er kvalitet, og norsk klippfisk er eit særskild ettertrakta produkt over heile verda. Det finnst utallige klippfiskrettar, og spesielt portugisarane er kjende for sine mange ulike variantar. I Noreg er vi best kjend med den tomatbaserte bacalaoretten. Denne og tips til andre gode og velsmakende klippfiskrettar fer du her. 

Tomatbasert bacalaogryte - presentert av www.godfisk.no

Her finn du andre oppskrifter fra www.godfisk.no
 

Kokt klippfisk med grønnsaker - oppskrift av kokk Christopher Sjuve

Her finn du andre klippfiskoppskrifter.