Linker

http://www.slowfood.com/

Slow Food er ein organisasjon som jobber for å bevare det biologiske mangfold i matproduksjon verda over. Det er ein idealistisk, øko-gastronomisk, medlemsbasert organisasjon som starta i 1989 for å motarbeide fast-food, forsvinninga av lokal mat og tradisjonar, menneske si minkande interesse for maten dei et; kvar han kjem frå, korleis han smakar og korleis våre matvalg påvirkar resten av verda. I dag har Slow Food over 100000 medlemmar i 153 land. Tre verdiar dei fokuserar på er god/smakfull, rein og rettferdig mat. For å sikre desse verdiane og aktivt støtte utviklinga er det oppretta tre avdelingar: Smakens Ark, Presidium og Terra Madre. I korte trekk kan avdelingane definerast slik:

  • Smakens Ark er ei veksande oversikt over matprodukt som er gløymde, og i enkelte tilfelle i ferd med å forsvinne.
  • Presidium blei oppretta i år 2000 for å hjelpe matprodusentar meir direkte. Desse småskalaprosjekta skal beskytte tradisjonsprodukt ved å hjelpe til med å finne nye marked, samle produsentar til samarbeid og etablere kvalitetstandardar for produkta. Målet er å garantere levedyktig framtid for tradisjonell mat.
  • Terra Madre skal bringe saman matområder, og jobbe for kvalitet som tar hensyn til miljø og menneske.

http://tradisjonsfisk.ivest.no/Ny mappe/default.htm

Norsk Tradisjonsfisk er ei varemerkeforeining som vil marknadsføre norsk og nordatlantisk sjømat nasjonalt, nordisk og internasjonalt – og slik gje oss ei konkurranseføremon gjennom å skape ei meir medviten haldning, og kunnskap om vårt unike kulturhistoriske spiskammer. Norsk Tradisjonsfisk består av medlemsbedrifter som produserer ulike typar fisk. Produkta frå Norsk Tradisjonsfisk er godkjende etter kriteria for eiga merkeordning. Produsentane er organiserte i nettverk.